
Helsesenter Vest er eit lite privat helsesenter med stort hjarte for å hjelpe kundane våre. Vi har kontor på Fonnes i Austrheim kommune og tilbyr tenester til privatpersonar og bedrifter.
Ved oppstart var det spesialist i allmennmedisin Willy Davidsen Raa og helsesjukepleier Randi Ulvøy som jobba og drifta Helsesenter Vest. I dag er det fleire helsepersonell som arbeider her.
Helsesenteret er privat og har ikkje avtale med HELFO. Det betyr at du som privatperson ikkje kan nytte frikort og må betale for tenester frå oss. Vi er ikkje ein del av fastlegeordninga. Alle kan nytta seg av våre tenester og ha fast oppfølging her. Ved behov kan du som pasient henvisast til andre undersøkingar eller spesialistar på lik linje som ved eit fastlegekontor.